T
Midt-Telemark forlengjer munnbindvedtak
Formannskapet har i ettermiddag diskutert om ein skal forlengje vedtaket om å bruke munnbind.
Eit einstemmig formannskap gjekk inn for å forlengje den lokale forskrifta som pålegg folk å bruke munnbind når ein ikkje kan halde minst to meters avstand til andre enn medlemmar i husstanden. Dette gjeld utover kortvarige passeringar og for eksempel i butikkar, i fellesareala på kjøpesenter, på serveringsstadar, i trus- og livssynshus og i lokale for kultur- sport- og fritidsaktivitetar. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for dei som driv med fysisk aktivitet.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp