Eit einstemmig formannskap gjekk inn for å forlengje den lokale forskrifta som pålegg folk å bruke munnbind når ein ikkje kan halde minst to meters avstand til andre enn medlemmar i husstanden. Dette gjeld utover kortvarige passeringar og for eksempel i butikkar, i fellesareala på kjøpesenter, på serveringsstadar, i trus- og livssynshus og i lokale for kultur- sport- og fritidsaktivitetar. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for dei som driv med fysisk aktivitet.
Saka var oppe i eit ekstraoridnært formannskapsmøte tysdag ettermiddag. Det førre vedtaket vart gjort 24. mars og galt fram til i dag, 6. april.
På stader der det er smitteverntiltak som skiljeveggar gjeld ikkje påbodet.
Munnbindpåbodet gjeld også når ein reise med kollektivmiddelg og drosjer og ikkje kan halde to meters avstand.
– Det er ein grei smittesituasjon i området, men det er mange smittetilfelle rundt oss. Det er mange som pendlar til Grenland, både der og i Vestfold er det mykje smitte, sa kommuneoverlege Kristin Sekse til formannskapet då saka var oppe tysdag.
Sekse sa at mange klagar på smitteverntiltak, men det har ikkje vore så mykje klage på munnbind. Ho opplever at folk kjenner seg tryggare med munnbind, både dei som skal handle og dei som jobbar.
– Det er eit hensiktsmessig tiltak, det hindrar spreiing om ein har skjult smitte, sa Sekse.
Ho tilrådde at ein held på påbodet til 14. april. Det er same dagen som regjeringa har forlengja dei strenge nasjonale tiltaka til.
Det vart stilt spørsmål ved om ordføraren kunne gjere eit slikt vedtak åleine. Sekse sa at ho kan fatte eit vedtak som gjeld i sju dagar, utover det må minst formannskapet til for å bestemme dette.
Fleire av formannskapsmedlemmane sa seg einige i at eit slikt vedtak bør vere fatta av ei brei politisk gruppe.
Nome kommune gjorde også vedtak om å forlengje munnbindforskrifta tysdag.