MUNNBIND. Onsdag gjorde kommunestyret i Midt-Telemark vedtak om å påby bruk av munnbind på offentlege stader og der ein íkkje kan halde to meter avstand til andre. På Steintøy & parfymeri i Bø sentrum starta Hans Eirik Kaasa og Heidi Tjønnås med dette allereie for nokre dagar sidan.

Påbod 
munnbind
smitte
korona
MUNNBIND. Onsdag blir påbodet om bruk av munnbind oppheva i Midt-Telemark. Her Hans Eirik Kaasa og Heidi Tjønnås ved Steintøy & parfymeri da påbodet kom.

Ikkje lenger påbod om munnbind i Midt-Telemark

Frå i morgon er det ikkje lenger påbod om å gå med munnbind i Midt-Telemark.

Påbodet som blei vedteke 25. mars og som gjeld ut onsdag 14. april blir ikkje forlenga.

Det melder Midt-Telemark kommune onsdag.

– Den stabilt låge smittesituasjonen i kommunen vår, synkande smitte i områda rundt oss og lette på tiltak særleg i Grenladsområdet, gjer at vidare påbod ikkje er nødvendig på det nåverande tidspunkt, seier kommunoverlege Kristin Sekse.

Ho minner likevel om at nasjonal anbefaling for bruk av munnbind framleis gjeld.

– Folk bør bruke munnbind viss det er vanskeleg å halde avstand, seier Sekse.