«Det er den draumen me ber på» skriv Olav H. Hauge i eit av sine vakraste dikt. Det er kanskje den draumen dei ber på også dei som så gjerne vil at berget skal opna seg, der høgt oppe mot Skårafjell. At du ein mørk haustkveld frå Årnes i sør til Bø i vest, skal sjå opp mot lyshavet frå meir enn 100 bustader oppe i det som utbyggarar og nokre lokalpolitikarar vil kalle for bustadfeltet «Skårafjellia».