Festkveld og festivalopning med Arve Tellefsen
Opningskonserten med Arve Tellefsen blei ein festkveld av dei store. Publikum elska både mannen og musikken.
Tysdag kveld gjekk startskotet for Norsjø kammermusikkfest, den fyrste av seks konsertar denne veka. Dei hundre billettane til opninga forsvann fort i år. Dei heldige i salen fekk oppleve ein kveld med unge, klassiske musikarar – profesjonelle og talent – og landets mest kjente fiolinst, Arve Tellefsen, på scenen.