Slik såg det ut på Milekåsa, men så brann bustadhuset ned
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Oppe i Liheia er det mange gardsbruk. Eit av desse er Øvre Li, eller Milekåsa, gnr. 19, bnr. 3. I dag ser vi raskt dette gardsbruket. Grunnen er produksjonen på garden, som er morelldyrking i store dyrkingstunnellar.
Garden Øvre Li er første gong nemnt i skriftleg materiale frå 1398. Øvre Li vart delt i to i 1826, og Jon Gunnarsson Li fekk den austre delen. Jon var gift tre gonger, og det var einaste barnet frå første ekteskapet hans, Ingerid, som i 1838 fekk den delen som tok den gamle husmannsplassen Milekåsa som husestad. Milekåsa var oppretta som husmannsplass ein gong på 1700-talet, og var plass fram til starten av 1800-talet.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp