NYE KONSTELLASJONAR: Midt-Telemark får ein ny aktør på renovasjon og Bø miljøstasjon får ein ny medeigar i Telmark Godslinjer. F.v. Olav Gundersen i Gundersen Transport, Hans Olav Bakås i Bø Miljøstasjon og Kenneth Solås i Telemark Godslinjer. Arkivbilde frå 2021.
Øystein Akselberg
Nye aktørar på miljøfronten
Enda eit Seljordfirma etablerer seg i Bø. I dag går Telemark Godslinjer i Seljord inn som medeigar i Bø Miljøstasjon på Grivimoen.
Sist veke skreiv Bø blad om Vest-Telemark-firmaet Hovden hytteservice som har etablert avdeling i Seljord og som satsar for fullt på oppdrag i Bø og Midt-Telemark. Denne veka handlar det om Telemark Godslinjer som går inn som deleigar i Bø Miljøstasjon på Grivimoen, som sterk partner med Bø-selskapet Eiendomsdrift. Seljord-firmaet hadde i fjor ei omsetting på 65 millionar kroner, og dagleg leiar er Knut Gjersund.