KORONAUTGIFTER: Midt-Telemark kommune er tildelt skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren i samband med koronautgifter.
Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Turist har testa positivt

Midt-Telemark kommune melder at ein turist har testa positivt for korona. Det er fleire nærkontaktar til den smitta.

 

Det skriv Midt-Telemark kommune i ei pressemelding torsdag kveld.

Kommunen har fått opplyst at den smitta turisten har reist heim att, saman med familien.

Det er sett i gang smittesporing og kommunen opplyser at det er avdekka fleire nærkontaktar til den smitta. Nærkontaktane er også folk som har vore på besøk/turistar i kommunen. Det er ingen fastbuande som er definert som nærkontaktar.

Kommunen opplyser at nærkontaktane har vore på følgjande plassar: Bø Sommarland, Bø Camping, Sanda Camping og Norsjø Ferieland.

Desse ferieplassane er kontakta, ifølgje kommunen. Dei brukar no sine kanalar til å nå ut til dei gjestene som har vore på plassen på same tid som den som har testa positivt.

– Alle må vere merksame på symptom og teste seg dersom dei merkar noko, skriv einingsleiar Marte Midttun Lie i kommunen.

Ho viser også til at me framleis er i ein pandemi og oppfordrar folk til å vaske hender og halde avstand.

Også to andre turistar har testa positivt i juli.