OPPDAGA SMITTE. Har du vore på Bøsenteret den siste tida må du vere merksam på smittesymptom.
OPPDAGA SMITTE. Har du vore på Bøsenteret den siste tida må du vere merksam på smittesymptom. FOTO: Arkivfoto

Ny smitte oppdaga i Midt-Telemark – ver merksam viss du har vore her

Alle som har vore på ein del butikkar på Bøsenteret eller Husly kafé den siste tida bør vere merksame dersom dei får symptom på koronasmitte.

Midt-Telemark kommune fekk onsdag 11. august melding om at ein person har testa positivt for covid-19.

Ifølgje kommunen er smittesporinga nå i full gong, og ein ber personar som har vore innom ein del butikkar og Husly kafé vere merksame dersom dei skulle få symptom på smitte.

Har du vore på følgjande stader den siste veka, bør du vere ekstra merksam og ha låg terskel for å teste deg:

  • Asiamat etter klokka 14 den torsdag 5. august
  • Meny, Kid, Normal eller Vitus apotek på Bøsenteret etter klokka 14 torsdag den 5. august
  • Husly kafé og catering etter klokka 11.30 tysdag 10. august