NYE SMITTETILFELLE: Midt-Telemark kommune melder om nedgang i talet på positive koronatestar laurdag morgon. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
https://boblad.no/2021/12/30/har-kome-smitta-personar-fra-utlandet/
HØG SMITTE: Mange nye midt-telemarkinga har testa positivt for korona denne veka. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny covid-smitte i Midt-Telemark

Midt-Telemark kommune melder fredag kveld om eit nytt smittetilfelle. 

I ei pressemelding frå kommunedirektør Per Dehli blir det opplyst at kommunen har fått melding om ein ny positiv Covid19-test. Svaret kom fredag kveld.

Det pågår nå smittesporing, og dei som blir definerte som nærkontaktar vil bli kontakta av smittesporingsteamet.

Bø legesenter

I pressemeldinga blir alle som har vore på Bø legesenter tysdag 10. august etter kl. 12.30 bedne om å vera ekstra merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg.