210819 Sett frå lufta Otterholt

Her har same familie budd sidan 1794

Publisert Sist oppdatert

Ved Livegen oppe i dei første bakkane mot Liheia og bustadfeltet i Breskelia ligg garden Otterholt, gnr. 21, bnr. 39, på venstre side. Dagens familie på Otterholt kom dit så tidleg som i 1794. Etter det var garden på sal fleire gonger, men sonen til kjøparen frå 1794 sat i 1830-åra med garden. Han selde så garden til søskenbarnet sitt, Torgrim Roe, i 1855. I 1866 kjøpte eigaren, Torgrim Torgrimsson Otterholt, også halvparten av nabogarden Nordre Otterholt. Då vart arealet dobbelt så stort på garden hans.

Vel korleis du vil lesa oss!

Ut året digital
for 250,-

Deretter 159,- per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS