PLATE OG KONSERT: Jon Solberg, låtskrivar og frontfigur i Ni Liv, gler seg til plateinnspeling. Plateslepp med konsert blir i Gullbring i mai. Foto: Gro B. Røiland
Fast spaltist i Bø blad, Jon Solberg.

Fotballtrenar

Jon Solberg er bøhering, låtskrivar og musikar, b-menneske og forseintkommar, nærsynt og gråsprengt, og han som syng i Ni Liv. Etter beste evne prøvar han au å lære bort idrettsglede på ungdomsskulen, fingerspel på kulturskulen og kreativ angrepsfotball på G14 i Skarphedin. Han skriv meir enn han pratar, og går i lyng meir enn på asfalt.

Publisert Sist oppdatert

Eg har slutta som pappa-fotballtrenar. Eg møtte ikkje veggen, for eg har møtt han før. Eg må jobbe. Eg må tene pengar att. Verdas eldste pappaorsaking. Mange har hatt mykje lengre «trenarkarrierar» enn eg, men 8 år er likevel ei god beite. Det var sjefen Geir Vestgarden som trong hjelp på laget til Olav i 2013, og så blei eg med. Geir og eg var perfekt match. Han var god til alt eg var dårleg til, og eg var ikkje så verst på det han trong hjelp til. Geir er ein ryddig revisor, eg ein rotete musikar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS