Dag Hallvard Østtveit meiner klimaopprørarar som får forelegg når dei nyttar sivil ulydnad bør skamme seg. Sjølv kjem eg til å skamme meg om eg ikkje gjer aktiv motstand mot eit politisk-økonomisk system i ein situasjon som er så alvorleg at FN sjølv kallar den «kode raud» for menneskeheita.