OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Du kan vere med og bestemme kven som skal ha makta

Søndag 12. og måndag 13. september. Viktige dagar. Valdagar.

Det er nå du og eg kan vere med og gjere det mange kallar ei borgarplikt. Me kan stemme, og me bør stemme. Det er nå me har høve til å praktisere skikkeleg demokrati og halde i hevd eit samfunn som er bygd opp slik at kvar einskild innbyggjar kan få seie sitt om korleis dei vil at landet vårt skal styrast. I kvar store by og kvar vesle grend og utpost har nordmenn moglegheit til å vere med og bestemme vegen vidare, og kven som skal sitje bak rattet og styre landet vårt den neste perioden. 

Du og eg skal gå til vallokalet, eller kanskje stemme på førehand, og leggje setelen med vårt utvalte parti i stemmeurna. Du har kanskje ikkje bestemt deg heilt ennå, og er kanskje fortsatt litt usikker på kven du vil støtte. Kanskje synest du partia er så like at det ikkje gjer nokon forskjell uansett. Du har framleis nokre dagar på å hente informasjon på valstandar, lese brosjyrar, sjekke sosiale medium, tv eller lokalavisa, eller berre tenkje deg om. Du finn sikkert nokon å vere litt eller mest einig med, og du har truleg nokre tankar om kva for parti du trur kan gjere den beste jobben for staden der du bur. 

Det er dei som står på stortingslistene me skal velje inn nå. Kven av dei gamle traverane på lista synest du gjer ein god jobb allereie? Kven av dei nye kan styre godt viss dei får ein sjanse? Om du veit, eller ikkje: Det er uansett viktig at du tek deg ein tur til vallokalet, for du gjer faktisk ein forskjell. Du er med og bestemmer korleis du vil ha det i samfunnet, og di stemme tel like mykje som alle andres. Me må opp av sofaen og fram til urnene med stemma vår, og vise at me bryr oss om samfunnet vårt og korleis det skal vere.

La deg engasjere, og la deg motivere! Alle har ei meining om politikk, sjølv om ein ikkje ser det bestandig. Ergrar du deg over hol i vegen, dårleg togtilbod eller naboen som byggjer utleigebustader? Saknar du ein betre idrettshall eller blir frustrert over dei lange ventelistene i musikkskulen? Synest du det er for få miljøreglar, eller vil du ha billegare diesel? Då er du politisk interessert. For alt dette handlar om, og er politikk.

Så ta med deg legitimasjon og valkort og gå til stemmelokalet ditt, enten du har unge eller gamle bein. Bry deg om det norske samfunnet!

Bruk stemmeretten, for du bestemmer!