BESØKTE BØ. Statsminister Erna Solberg (t.v.) var på friarferd i Bø i sommar.
Øystein Akselberg
Kva veit du eigentleg om stortingsval, statsministrar og slikt?
12. og 13. september er det stortingsval i Noreg. Her kan du bryne deg på litt kunnskap om dette. Spørsmåla er det redaktøren som står bak.
- Når var det sist stortingsval i Noreg?
- Kven blei valt til statsminister etter stortingsvalet i 2013?
- Kva for parti var denne statsministeren frå?
- Kva for parti kom for første gong i regjering i 2013?
- Kven kan stemme i stortingsvalet?
- Kor mange representantar blir valt inn på Stortinget?
- Kor mange valdistrikt har me i Noreg?
- Alle med røysterett kan bli valt til stortingsrepresentant, med nokre unntak. Kven?
- Kva for ein statsminister har site lengst i Norge?
- Kva for eit parti har hatt flest statsministrar, og kor mange?
- Kven var Noregs første kvinnelege statsminister?
- Kva for ein ministerpost hadde ho før ho blei statsminister?
- Kva heiter partileiaren i Kristelig Folkeparti?
- Kven er 1. kandidaten på Senterpartiet si valliste i Telemark i 2021?
- Kven har representert Telemark på Stortinget i perioden 2017-2021?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp