Eg dreiv og laga mat på kjøkenet då eg tilfeldigvis kasta eit blikk ut av glaset. Då fekk eg te mi store overrasking auge på ein velvaksen gris under eit av epletrea. Hæ, ein gris i hagen vår?? Han sto og åt og meska seg på nedfallne eple, og han såg ut å ha vore der ei stund. Kor i all verda kom den grisen frå? Eg kjenner ingen i heile Noreg som har gris, og det er lenge sidan eg har sett ein au. Eg var usikker på kva eg skulle gjere. Var han farleg mon tru? Kanskje skulle eg ringe politiet? Nei politiet har sikkert ikkje greie på den sorten griser, og dei ville nok ikkje ha noko med han å gjere. Det blei til at eg åpna hagedøra og prøvde med eit forsiktig rop, og da kom han i fullt firsprang mot meg.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp