211007 GG - Elev med rådyr NY

Tatt av gaupe

Sist sundag blei eit gaupeangrep observert i nærleiken av Lunde. Gaupa angreip fire rådyr og klarte å felle eit av dyra ute på jordet. Gaupa drog byttet med seg inn i skogen og blei borte. Måndag fylgde ein av elevane ved Bø skule, Noah Mogen Larsen, spora, og etter god sporjakt fann han det døde rådyret eit stykke inn i skogen. Gaupa hadde tatt med seg to bakbein, men resten av byttet låg igjen. Foto: Privat