NYE SMITTETILFELLE: Midt-Telemark kommune melder om nedgang i talet på positive koronatestar laurdag morgon. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
https://boblad.no/2021/12/30/har-kome-smitta-personar-fra-utlandet/
HØG SMITTE: Mange nye midt-telemarkinga har testa positivt for korona denne veka. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny koronasmitte oppdaga

Det er oppdaga nye tilfelle av koronasmitte i Midt-Telemark.

Midt-Telemark kommune opplyser at ein har fått melding om at det er to personar som har testa positivt for Covid-19 eller korona. Dette skriv kommunen på nettsida si.

Kommune skriv vidare at  smittevegen er kjend for begge to. Begge tilfella har opphav i andre kommunar enn Midt-Telemark.

– Me minner alle om  at det framleis er viktig å følgje enkelt smittevern for å førebyggje smitte. Ein kan lese om førebygging av smitte, testing og symptom på nettsidene Helsenorge.no, står det vidare på nettsida.

Helsenorge.no er den offentlege helsenettstaden for Noreg. Her legg ulike aktørar ut informasjon. På denne nettstaden blir det blant anna forklart  kva symptoma som er vanleg for korona og kva ein skal gjere.