OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Med eit krevjande budsjett er det nå dei folkevalte blir utfordra

Dei neste vekene vil vere svært krevjande og viktige for lokalpolitikarane i Midt-Telemark kommune. Det er nå dei folkevalte blir utfordra og skal vise kva dei duger til, og kva dei vil bruke kreftene sine på og kunnskapen sin til. Om dei kan samarbeide og har evne til å tenkje ut gode og langsiktige løysingar for fellesskapet og framtida, vil også vise seg i tida framover. Fokus bør nå rettast mot økonomiarbeid og heilskapleg tenking, samt å jobbe seg fram til eit konkret resultat og unngå tåkeprat. Det er ikkje tida for å henge seg opp i detaljar og småleg ueinigheit når det står slik til i kommunen. I ein pressa økonomisk situasjon er dei som styrer nøydd til å løfte i flokk – og bruke tid på det.

Dei færraste misunner politikarane den situasjonen dei står i nå. Millionunderskot for kommunen er det ingen veg utanom, og prioriteringane vil bli tøffe i budsjettprosessen. Om dei som skal forvalte interessene til innbyggjarane kjem til å prioritere rett når det skal kuttast og skjerast inntil beinet, vil det vere ulike meiningar om. Det vil bli utøvd press og lobbyarbeid, og nokon vil kanskje fortsatt ri politiske kjepphestar, men til sjuande og sist handlar det om å sjå det store biletet og finne ut kva for sektor som vil lide minst når sparekniven blir slipt og brukt med hard hand. Dei folkevalte må stå i det og rå med det – og dei kan bare gløyme å bli populære og bruke billige politiske poeng i denne prosessen. Her handlar det om å gjere jobben som best ein kan, og aller helst til beste for dei fleste.

Lovpålagte tenester må ein ha, og det er her det ikkje må glippe. Det er dei sårbare og svakaste gruppene som må kome først. Det er mykje som kan vente, sjølv om det er viktig. Å spare handlar om å kutte der det smertar minst, og der ein kan klare å stå over noko for ei tid. Må ein spare og kutte, så er det bare å ta for seg. Det bør likevel vere rettferdig.

I arbeidet med det stramme budsjettet må ein også lytte til fagfolk med respekt og audmjuke. Ein politikar har ikkje kunnskap om alt, det er heller ikkje forventa. Nettopp derfor er overkøyring viktig å unngå og lytting essensielt, slik at den som sit på makta kan halde handa stødig på rattet, sjå trådane i samanheng og analysere rett.

Me er inne i ei utvikling der norske kommunar blir stadig meir tynt og oppgåva om å tilby gode tenester vanskelegare. Samtidig har privatøkonomien til dei fleste blitt betre. Med dette som bakteppe er det òg viktig at me som innbyggjarar senker kravmentaliteten og har forståing for at det er visse ting som me ikkje treng rope så høgt etter i ei vanskeleg tid. Da blir det kanskje rom for å kutte der det går an, og styrke økonomien der det trengst mest.