Ansvarleg redaktør i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje.
Ansvarleg redaktør i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje. FOTO: Bø blad

– Nå må alle bidra til at smitten ikke aukar enda meir

Koronapandemien er ikkje over, men det er lett å gløyme når ein bur i Noreg, der veldig mange er vaksinerte og me samanlikna med resten av verda har hatt det lett både i forhold til smitte, sjukdom og død knytt til koronaviruset. Det vanlege livet kom til og med tilbake i september da samfunnet blei opna opp att. 

Ulike problemstillingar har vore diskutert gjennom det halvtanna året som pandemien har herja i verda, men heile tida er det ein ting som har gått igjen: «vaske hender og halde avstand, og vere heime når du er sjuk». Det var det første me lærte og det er desse levereglane som blir understreka ennå. Likevel ser det ut som om me gløymer desse enkle reglane ganske fort.

Nå stig smittetala dramatisk i Noreg, dei har aldri vore høgare. Fleire blir lagt inn på sjukehus, og presset er hardt på helsevesenet og dei som jobbar i førstelinja. Det gjeld ikkje bare sjukehuspersonell, men også dei lokale legesentra. Slik er det elles i Europa òg. Usikkerheita er stor, og fleire land har byrja å stenge ned samfunnet igjen. Slik kan det bli hos oss òg.

Vanleg influensa svingar seg òg over landet, og herjar litt ekstra hardt i år. Mange er sjuke, mange hostar, nys og snyt seg, og svært mange er usikre på kor sjuke dei eigentleg er, og kor grensa går for å halde seg heime når ein snufsar. Kor fort ein testar seg, og om ein i det heile tatt gjer det, er veldig ulikt frå person til person, sjølv om det klare rådet er at ein skal gjere det. 

Slik situasjonen er nå, med mykje ansvar hos den enkelte og hurtigtestar som er enkle å bruke og stort sett til å stole på, bør det som eit minstemål i eit kvart lokalsamfunn vere lett å teste seg. Tilgangen til gratis og nok testutstyr bør vere enkel slik at flest muleg følgjer opp. Det bør ikkje vere slik at ein må vente lenge på time eller vandre rundt med symptom blant folk for å få tatt ein koronatest. Ifølgje kommuneoverlegen er det avgrensa kor mykje testutstyr kvar kommune får. Det må dei på toppen av helsenoreg gjere noko med viss dei meiner at ting fortsatt skal vere som dei er.

Heller ikkje Midt-Telemark slepp unna smitte. Fleire i kommunen er smitta nå, på fleire nivå og på fleire stader. Og det er gjerne dei unge som blir smitta nå.

Kommuneoverlegen og kriseleiinga er bekymra fordi smittetalet er så høgt, og at det ser ut til å fortsatt stige. Ein vil helst unngå å stengje ned samfunnet igjen. Dette bør me alle ta til oss og me bør gjere det me kan for å bidra. Så vask hender, hald avstand og ver heime viss du er sjuk.