RUNDT OM EN ENERBÆRBUSK: Når Bø skulemusikk spelar «Nå går vi rundt om en enerbærbusk» er det vanskeleg å stå stille. Sjølv om det ikkje var felles gang rundt juletreet i år, var det lov å lea på seg. FOTO: Gro B. Røiland
KAFFI I KULDA: Det var godt i ha ein kaffikopp å varme seg på i kulda på julemarknaden på Gvarv. F.v. Aslak Gunnheim, Torstein Lindheim og Stein Inge Grimsrud i Gvarv vel. FOTO: Gro B. Røiland
POPULÆR: Bålpanna var populær på julemarknaden på Gvarv, både for varme, kaffi og varm saft. FOTO: Gro B. Røiland
LODDSAL: Dordi Elisabeth Norheim og Grete Prestholt Roligheten selte lodd for Nes nasjonale dansarring og Gunhild Kaasa kjøpte. FOTO: Gro B. Røiland
VARMANDE PLAGG: Monica Andersen frå Bamble selte strikka panneband og andre varmande plagg, noko Marianne Dvergsdal slo til på. FOTO: Gro B. Røiland
FLOTT SONG: Flott song frå Soul Children bidrog til julestemninga. FOTO: Gro B. Røiland
PUBLIKUM: Store og små kom for å høyre Soul Children synge. FOTO: Gro B. Røiland
VENTA PÅ NISSEN: På Bø torg venta Ingerine (4), Agnes Marie (5) og mamma Gunhild Pallesen spent på nissen. FOTO: Gro B. Røiland
MORO: Julegrantenning er moro, synest tvillingane Christian og Fredrik på 5 år. Her saman med mamma Katla Halldorsdottir på Bø torg. FOTO: Gro B. Røiland
MANGE FOLK: Mange folk møtte opp for å få med seg julegrantenning og julesong. FOTO: Gro B. Røiland
JULEMUSIKK: Musikantane i Bø skulemusikk spela og Sverre Jacobsen song kjente og kjære julesongar. FOTO: Gro B. Røiland
MED PAPPA OG BESTEFAR: Frida (2 1/2) koste seg på torget med pappa Tom André Blandkjenn og bestefar Vasili Kazachjento. FOTO: Gro B. Røiland
VENTA PÅ NISSEN: Alisa Kjenstadbakk Groven (6) var ei av mange på Bø torg som venta på nissen. FOTO: Gro B. Røiland
ENDELEG: Endeleg dukka nissen og hans hjelparar opp på torget. FOTO: Gro B. Røiland
PAKKE: Mange snille barn sto klare til å få pakke av julenissen. FOTO: Gro B. Røiland

Kald, men koseleg start på adventstida

Kulda beit godt i kinna, men korkje folk eller nissen let seg skreme. Sundag var det julegrantenning både på Gvarv og Bø. Her er nokre glimt frå dei to arrangementa som markerte starten på adventstida.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS