NY SMITTE. Det er oppdaga ny smitte i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
SMITTA AUKAR: Også sundag er det meldt om nye smittetilfelle i Midt-Telemark. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Melder om nye smittetilfelle sundag – nærmar seg 100 smitta

Smitten held fram med å auke i kommunen vår. Også sundag kveld blir det meldt om nye positive koronaprøver i Midt-Telemark

– Me har i dag fått meldt seks nye smittetilfelle. Fem med kjent smitteveg, og ein med ukjent smitteveg. Alle er tatt med sjølvtest, står det i meldinga frå Midt-Telemark kommune sundag kveld.

Dermed er det registrert 95 smittetilfelle i Midt-Telemark på under ei veke.

Smitte på Gvarv skole

Tre av dei nye smittetilfella er knytt til Gvarv skole og er nærkontaktar i same husstand. Dei som er blitt smitta er ikkje smitta på skulen. Det er dermed ikkje å rekne som eit skuleutbrot per nå, sjølv om mange av dei smitta er elevar på skulen.

– Me er framleis i ein fase der me avklarar om det er smittespreiing på skulen. Smittesporingsteamet i kommunen følgjer situasjonen tett, har løpande dialog med FHI og følgjer den nasjonale rettleiaren for skular. Det er ikkje aktuelt å stenge skulen nå. Hvis det skulle spreie seg smitte på skulen, vil det bli gjennomført massetesting på skulen og eventuelt bli innført trafikklysmetoden. Før skulestart måndag 29. november er alle elevar på berørte trinn bedne om å teste seg før dei kjem på skulen, uttalar kommunen.

Pleie og omsorg

Laurdag blei det opplyst at to personar knytt til pleie og omsorgtenesta i kommunen hadde testa positivt for korona. Sundag blir det meldt at ytterlegare ein smitta er tilsett i den kommunale pleie- og omsorgstenesta.

Alle nærkontakter blir testa, og det er foreløpig ikkje oppdaga fleire smitta, uttalar kommunen.

USN og vidaregåande

Det er ingen nye smittetilfelle knytt til USN eller nokre videregåande skular.

Det er løpande kontakt mellom kommunen og USN når det gjeld eksamensavvikling.

– Inntil situasjonen er meir avklart, har USN fått råd om munnbindbruk og testing før eksamen, skriv kommunen.