EIN PASIENT SMITTA. Det er oppdaga covid-19-smitte på ein eldreinstitusjon i Midt-Telemark.
SKABB-UTBROT. I oktober blei det oppdaga skabb blant tilsette og pasientar ved Sauherad bygdeheim (bilete) og Bø sjukeheim.
UNDER KONTROLL: Midt-Telemark kommune melder at ein har drifta under kotroll ved Sauherad bygdeheim. FOTO: Hilde Eika Nesje

13 nye positive prøver – bygdeheimen fortsatt stengt

Midt-Telemark kommune har fått svar på koronatestar, fleire er positive.

Svara viser at det er 13 nye positive prøver, skriv Midt-Telemark kommune på nett søndag.

Det er fem ved Bø skule som har fått påvist covid-19-smitte. Det er også tre som er nærkontaktar og ein ved Sandvoll barnehage.

I tillegg er det fire andre personar som har testa positivt, og der smittevegen er kjend.

Ventar på prøvesvar ved bygdeheimen

Når det gjeld Sauherad bygdeheim så vil den vere stengd for besøk fram til ein har fått svar på prøver tekne søndag. Ein kan avtale besøk via telefon med den aktuelle avdelinga.

Søndag vil ein ta PCR-test av alle nærkontaktar. Kommunen har varsla alle nærkontaktane.

Tilsette ved bygdeheimen jobbar inn til vidare med augevern i tillegg til munnbind.

– Avdelinga har lagt ned ein stor innsats i smittesporing, testing og bemanning. Tilbakemeldinga er at avdelinga har drifta under kontroll, skriv kommunen søndag ettermiddag.