JULEKVELD. Kyrkjene på Bøhaugen i Midt-Telemark.

Kveld
Julaften
Jul 
Bø kyrkje
Bø gamle kyrkje
Blåtime
JULEKVELD. Kyrkjene på Bøhaugen i Midt-Telemark. FOTO: Hilde Eika Nesje

– I ei juletid som for fleire kan bli tung, er det fint viss me andre gjer noko med det

For andre år på rad går me inn i ei koronaprega julehøgtid. Covid-19, omikron, smittevernreglar, karanteneliv og pandemi pregar fortsatt heile verda. Det set òg sitt preg på korleis me lever liva våre, og korleis me gjennomfører tradisjonar knytt til både høgtid og kvardagsliv. For nokon kan det vere godt å vere litt ute av den vante rytmen, medan andre higar etter å få tilbake livet slik det var før våren 2020. Begge delar kan kjennest rett for den enkelte, men det at dei store, ytre rammene endrar seg, skal me òg vere litt bevisste på – i alle fall viss det er noko me vil ta vare på. 

Når me har hatt ein form for meir eller mindre unntakstilstand i snart to år, med strenge nasjonale, regionale og lokale reglar, er det noko som kan gå tapt. Er det verdiar som er viktige for oss, må me passe på å halde dei i hevd på eit eller anna vis, slik at dei ikkje forsvinn undervegs.

Idretten har til dømes meldt om stort fråfall av unge i koronatida. Det er gøy å trene, men det er òg gøy å spele kampar og dra på cupar. Når slikt forsvinn blir det vanskeleg. Det gjeld òg for andre miljø, kanskje særleg dei små som treng kontinuitet for å halde fram. Når ein ikkje kan øve fram mot ein konsert ein skal spele med korps eller spelemannslag, eller at koret ein går i får syngjeforbod og må avlyse konsert etter konsert, gjer det noko med motivasjonen for mange. Det byrjar å bli lite gøy, samtidig som dei fleste forstår at det er det som må til for at me skal kome ut av pandemien som herjar i verda.

Jula blir òg prega av smitte og restriksjonar. Høgtida er tung av tradisjonar og mange vante gjeremål. Den er òg prega av eit skilje mellom dei som har det godt og dei som ikkje har det fint, og som kanskje får det enda verre når samvær blir innskrenka enda meir enn til vanleg. Ungar og ungdom som mistar juletrefesten, ikkje får bidra som vanleg på julegudstenesta eller mistar andre tradisjonar må me ikkje gløyme. Og slettes ikkje dei som gruar seg til jula fordi den kan vere både lang og grusom – fordi nokon slår, drikk, eller begge delar. 

Oppfordringa denne jula må vere at alle løftar blikket litt ekstra, ser seg litt betre rundt etter faresignal – og tar tak der det trengst. I ei jul som for fleire kan bli ekstra tung, hadde det vore fint om det var ekstra mange andre som gjorde noko med det. 

God jul til alle midt-telemarkingar!