MORO MED AKING: Ein venninnegjeng frå Bø kosa seg med aking i bakken ved sida av Vinterland. Bak f.v. Elin Rinde Torstveit, Trine Nagvik og Kristin Bakken. Framme f.v. Grete Holte, Marte Fremgård og Embla Troneng Akselberg. Alle foto: Øystein Akselberg
VINTEREVENTYR: Folk kosa seg i Vinterland på Jønnbu på Lifjell i dag.
FASTE BØ-GJESTER: Familien Karlsen frå Hokksund har bytta ut Larvik med Bø som fast helgeplass. I dag kosa dei seg i bakken i Vinterland. Ungane er Isabel (10) og Isak (7). Pappa Ole Kristian Karlsen og mamma Mina Wold Karlsen.
VINTEREVENTYR: Familien Wold Karlsen i bakken i Vinterland.
VINTEREVENTYR: Pappa Ole Kristian Karlsen og sonen Isak fekk god skitrening i Vinterland i dag.
SKIGUTANE: Denne gjengen er ofte på ski, helst kvar helg. F.v. Eirik Brokka Valhovd (9), Martin Anders Svartdal (9), Tarjei Brokka Valhovd (11) og Emil Nåvik Mæland (11).
FERSK SKIINSTRUKTØR: Tyske Frederike Schökel (22) hadde sin første dag som skiinstruktør i Vinterland. Ho studerer norsk på USN i Bø.
NØGD MED SESONGEN: Per Hanstad i Lifjell skisenter var på plass og ekspederte gjester med skikort og diverse utstyr til bruk i bakken.
HAR MANGE NYE GJESTER: Kari Anne Norheim Hanstad i Lifjell skisenter i vinterlandkaféen.
MANGE FOLK I BAKKEN: Det var eit yrande liv i Vinterland i dag.
Snøen er på plass – det ga ein strålande dag i bakken