NYE SMITTETILFELLE: Midt-Telemark kommune melder om nedgang i talet på positive koronatestar laurdag morgon. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
https://boblad.no/2021/12/30/har-kome-smitta-personar-fra-utlandet/
HØG SMITTE: Mange nye midt-telemarkinga har testa positivt for korona denne veka. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Dette er dei nye nasjonale koronareglane

Dei nye tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltaka blir vurdert på nytt i starten av februar.

Generelle smittevernråd

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom

Avstand og sosial kontakt

  • Alle blir anbefalt å halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære
  • Anbefalinga om 1 meters avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule
  • Anbefalinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper
  • Alle bør tenkje gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett
  • Anbefaling om å redusere tal på nærkontaktar, men ikkje isolere seg
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand
  • Barnehagebarn og barneskuleelevar (eigen kohort) er unntatt frå anbefalinga om antalsavgrensing
  • Det blir anbefalt god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom med personar som ikkje er hustandsmedlemmar eller tilsvarande nære
  • Anbefaling om å treffe andre utandørs når det er muleg
  • Anbefaling om å unngå handhelsing
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør skjerme seg, herunder vere spesielt forsiktige med, eller unngå: store forsamlingar og samlingar på serveringsstader der det erfaringsmessig blir vanskeleg å halde avstand og unødvendige reiser til område med mykje smitte. Denne gruppa bør likevel ikkje isolere seg. Det er viktig med noko sosial kontakt
  • Anbefaling om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er muleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar.
  • Det er ikkje krav til munnbind mens ein sit ved eit bord på serveringsstad

Organisert idretts- og fritidsaktivitetar

  • Fritidsaktivitetar bør ein gjennomføre utandørs så langt det er muleg

Barn og unge under 20 år:

  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt
  • Anbefalt gruppestørrelse innandørs omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort
  • Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er nødvendig

Vaksne over 20 år:

  • Innandørs er det anbefalt maks 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør ein tilretteleggje for 2 meters avstand
  • Vaksne kan utøve aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er nødvendig
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt med smitteverntiltak

Barnehagar, skular og SFO

  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO
  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på raudt i vidaregåande skular
  • Fortsatt krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Nasjonal anbefaling om gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular der smittesituasjonen lokalt tilseier det, men kommunane må gjere eigne vurderingar etter den lokale situasjonen
  • Nasjonal anbefaling om grønt nivå i vidaregåande skular og i vaksenopplæring, men kommunane må gjere eigne vurderingar etter den lokale situasjonen
  • Jamnleg testing i skular og barnehagar skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk
  • Kommunane blir bedt om å følgje utviklinga i smittesituasjonen og justere tiltaksnivået i tråd med utviklinga. Barnehagar og skular må ha beredskap for rask overgang til strengare tiltaksnivå

Høgare utdanning

  • Fortsatt krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Høgskular, universitet og fagskular blir anbefalt å tilretteleggje for meir fysisk undervisning
  • Forbehold om at generelle smittevernråd blir følgd: lufting, avstand og vere heime ved symptom
  • Forutsatt at det er tilstrekkeleg tilgang til testar, blir det anbefalt å leggje til rette for jamnleg testing av studentar. Testar bør delast ut til studentar og det bør vere enkel tilgang til testar på campus
  • Mindre grupper/ oppgåveløysing/ seminar i klasserom bør ein avgrense til maks 30 personar med 1 meters avstand. Avstandsanbefalinga kan fråvikast der det er nødvendig for gjennomføringa av undervisninga
  • For undervisning i større auditorium gjeld antalsavgrensing for offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar, og krava i smittevernfagleg forsvarleg drift

Arbeidsliv

  • Påbod om at arbeidsgjevarar sørgjer for at tilsette jobbar heimefrå dersom dette er praktisk muleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, blant anna verksemd for å ivareta barn og sårbare grupper
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige og lovpålagte oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge
  • Anbefaling om 1 meters avstand
  • Anbefaling om munnbind om det ikkje er muleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljeveggar eller liknande
  • Påbod om å bruke munnbind gjeld i nokre publikumsretta delar av arbeidslivet. Sjå omtale nedanfor under «Munnbind»
  • Det blir anbefalt god ventilasjon/ lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er hustandsmedlemmar og tilsvarande nære 

Arrangement og samankomster

  • Det blir stilt krav til smittevern, avstand og munnbind
  • Avgrens sosiale samankomster og arrangement du deltar på
  • Private arrangement/ samankomster på offentleg stad, leide/ lånte lokale:
    Innandørs: Maks 30 personar, maks 50 personar ved minnestund
    Utandørs: Maks 50 personar
    Munnbindpåbod for publikum innandørs
  • Offentlege arrangement innandørs:
    Utan faste tilviste plassar: Maks 30 personar
  • Med faste tilviste plassar: Maks 200 personar
    Munnbindpåbod for publikum
  • Ingen anbefaling om å utsetje eller avlyse arrangement innandørs knytt til organiserte fritidsaktivitetar som samlar barn og unge under 20 år frå ulike stader
  • For lagidrettar blir det anbefalt bare enkeltvise kampar, og ikkje turneringar, cupar m.m. For individuelle idrettar blir det anbefalt å avgrense gruppestørrelsen på konkurransane
  • Utøvarane og eventuelt støttepersonell ved innandørs offentlege kultur- eller idrettsarrangement der barn og unge under 20 år utøver aktiviteten, blir ikkje rekna med i det totale talet på personar som kan vere til stades på arrangementet
  • Det er unntak frå avstandskravet for utøvarane på innandørs kultur- og idrettsarrangement
  • Utandørs arrangement knytt til organisert kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 kan skje utan antalsavgrensing for deltakarane og med eit nødvendig antal vaksne. Dersom det er fleire enn 100 personar til stades, skal det ikkje bli tilrettelagt for publikumsområde eller bruk av innandørs fasilitetar med unntak av toalettfasilitetar

Kollektivtransport

  • Anbefaling om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel
  • Krav om munnbind dersom ein ikkje kan halde 1 meters avstand
  • I taxi er det påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør

Serveringsstader

  • Skjenkjestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkjebevilling, og ein må seinast klokka 23.30 slutte å drikke alkohol på skjenkjestaden
  • Skjenking skal skje ved borda
  • Serveringsstaden skal sørgje for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære
  • Krav om munnbind der det ikkje er muleg å halde meteren, unntatt mens ein sit ved bordet
  • Plikt til å registrere gjester som samtykker til det

Karantene og testing

  • Nærkontaktar som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt
  • Desse skal så snart som muleg teste seg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller PCR-test. Ved negativt testresultat frå slik test tatt tidlegast 7 døgn etter nærkontakten kan karantenen bli avslutta
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 dei siste tre månadane
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som fekk oppfriskingsdose minst 1 veke før nærkontakten, og som testar seg dagleg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller annanhkvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten
  • I tillegg gjeld enkelte særskilte unntak for blant anna nøkkelpersonell i kritiske samfunnsfunksjonar. Øvrige nærkontaktar har ikkje karanteneplikt, men blir anbefalt å teste seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5). Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar. Ved symptom: Bli heime og test deg. 

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr krav om å sørgje for at det er muleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting
  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halde stengt
  • Treningssenter, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, bowlinghallar og liknande kan halde ope for maks 20 personar ved innandørs gruppetrening
  • Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, bowlinghaller, museum, bingohaller, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, førebelse marknader og likandes
  • Med unntak av bibliotek, museum, butikkar og kjøpesenter skal verksemder registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykker til det
  • Bransjerettleiarar bør overhaldat for blant anna treningssenter og symjehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern

Innreise – ankomst Noreg

  • Alle reisande må i utgangspunktet registrere seg før ankomst til Noreg
  • Alle reisande må i utgangspunktet teste seg ved ankomst Noreg
  • Reisende som ikkje kan dokumentere med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 dei siste 6 månadane, må i utgangspunktet i tillegg teste seg før avreise til Noreg
  • Reisande som kjem frå eit land med karanteneplikt og som ikkje kan dokumentere med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 dei siste 6 månadane, må i utgangspunktet i innreisekarantene