VAKSINE: Mange har fått tatt dose tre av koronavaksina. Her frå da kommunen hadde drop-in-timar for vaksine på Sandvin. 
Kommunen tilbyr fortsatt drop-in-vaksine på Sandvin.
EKSTRA KORONA-KOSTNADAR: Midt-Telemark kommune har rapportert om langt høgare kostnadar enn ein så langt har fått dekka. Her står folk i vaksinekø. FOTO: Helene Sele, arkiv

Smittetalet i kommunen er stabilt – vaksineringa fortset

Litt færre folk enn i går er meldt inn som smitta i Telemark det siste døgnet.

Det blei ifølgje Midt-Telemark kommune meldt inn fem nye smittetilfelle det siste døgnet. Dei fordeler seg slik:

  • 1 nærkontakt
  • 2 med ukjent smitteveg
  • 1 med smitte frå utlandet
  • 1 tilsett på Bø sjukeheim

Målsetting for vaksinering

Vaksineringa går sin gang i kommunen, som har lagt ut tabellen nedanfor frå Folkeshelseinstituttet (FHI). Den viser kva for målsetting FHI har i forhold til vaksinering:

Drop-in-vaksine

Det er fortsatt muleg å få drop-in-time for vaksinering i Midt-Telemark. Ein kan halde seg oppdatert på desse tidene på kommunens heimesider. Timane kan endre seg noko etter kvart ut frå kva ein har mulegheit til å tilby av dato og tider.

Her kan du klikke deg inn på kommunens heimeside:

https://midt-telemark.kommune.no/korona/viktige-meldinger/