NYE SMITTETILFELLE: Fire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.
NYE SMITTETILFELLE: Fleire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Stadig nye smittetilfelle dukkar opp i kommunen

Talet på smitta i Midt-Telemark kommune kvar dag er stabilt høg.

– Det er meldt inn 59 nye smittetilfelle det siste døgnet, opplyser Midt-Telemark kommune. Dei smitta fordeler seg slik:

11 elevar på Sagavoll
5 elevar ved Bø ungdomsskule, 8. og 9. trinn1 elev ved Gvarv skole, 6. trinn

5 elevar ved Bø skule 4. og 6. trinn

1 elev og 1 lærar ved Bø vidaregåande skule

3 personar knytt til Notevarp og Grivihaugen

1 innreisesmitte

1 bebuar på Bø sjukeheim

12 husstandsmedlemmar

3 nærkontaktar

5 andre med ukjent smitteveg

10 andre med kjent smitteveg

Smitte ved institusjonar

Kommunen opplyser at om ein er pårørande til nokon på institusjon i kommunen og har spørsmål, kan ein ta direkte kontakt med avdelinga for å avklare rutinar for besøk og anna.