MORGONSTEMNING: Vakkert lys ved hengebrua i Øvre Bø ein januardag i 2022.
MORGONSTEMNING: Vakkert lys ved hengebrua i Øvre Bø ein januardag i 2022. FOTO: Marianne Seltveit

Mykje vakkert lys på himmelen i januar

Det har vore mange vakre soloppgangar og -nedgangar i løpet av januar månad.

I ein månad som mange synest kan vere både mørk, lang og tung, har det i år vore mange gode mulegheiter til å glede seg over vakkert lys på himmelen både morgon og kveld. Det har vore sjatteringar både i raudt, rosa, gult og blått i Midt-Telemark, det har me blant anna sett på bilde som er lagt ut på sosiale medium.

Dette fine bildet er knipsa ved hengebrua i Øvre Bø den 22. januar.