LAND I KRISE: Ukraina blei 24. februar angripe av nabolandet Russland og er nå i krig.
LAND I KRISE: Ukraina blei 24. februar angripe av nabolandet Russland og er nå i krig. FOTO: NRK

– Dei som er i krise treng alltid å møte ei open famn

I norske kommunar er det stor vilje til å ta imot menneske som flyktar frå den pågåande krigen i Ukraina. Det viser ei kartlegging som Kommunesektorens organisasjon (KS) gjennomførte tidlegare i denne veka. 269 kommunar svarar umiddelbart ja til å busette fleire flyktningar, noko som viser at det er eit stort ønskje om å bidra i den internasjonale og nasjonale dugnaden for å hjelpe folk som er på flukt frå krigshandlingane. Også i 2015 da ein stor straum av flyktningar kom frå Syria gjorde kommunane ein formidabel innsats da dei blei bedne om å ta imot og busette folk som var på flukt derfrå.

Midt-Telemark kommune er òg på banen nå. I eit ekstraordinært formannskapsmøte søndag kveld, bare på eit døgns varsel, snudde formannskapet seg raskt rundt for å gjere viktige vedtak i god tid. Møtet endte med ei avgjersle om at kommunen skal gjere alt for å hjelpe flyktningar frå Ukraina, og at den er klar til å ta imot fleire enn det som tidlegare er politisk vedteke.

Det skulle bare mangle at ikkje norske kommunar stiller seg opne for å ta imot dei som nå lid naud, særleg med tanke på korleis levestandard og mulegheiter me har for å gjere det. Ein gong var nordmenn sjølv i krig og på flukt, og da som nå var det avgjerande å møte opne dører og varme menneske når krisa var eit faktum.

Ut frå mediebildet den siste veka ser det ut til at dei aller fleste stiller seg positive til å opne dørene til Noreg nå. Det har ikkje vore mange kritiske motrøyster, problematisering, redsle for at det kjem for mange flyktningar, eller argument om at ein heller bør hjelpe folk i nærområda sine. Det er bra, men også interessant og urovekkande. Særleg fordi me nå har eit bakteppe som viser at det er dokumentert at flyktningar frå Ukraina som er litt mørkare i huden møter både rasisme og hets på grensene til både Polen og Romania. Midt i katastrofa blir til dømes folk frå austen som studerer i Ukraina behandla annleis enn andre når dei må flykte.

Det er ikkje vanskeleg å skjønne at krigen i Ukraina kjem tettare på og derfor er lettare å relatere seg til enn katastrofar lenger unna. Det bør likevel vere eit tankekors for oss alle at dørene blir så mykje meir vidopne i denne krigen enn andre litt meir fjerntliggande konfliktar. Det finst ikkje unnskyldningar for at ein skal stille seg meir kritisk til andre typar flykningar litt meir langvegsfrå enn dei frå Ukraina. Til sjuande og sist handlar det om alltid om folk. Dei som er i krise treng alltid å møte ei open famn – uansett kor dei kjem ifrå.