VELKOMEN INN: Michael Kingsrød-Hovden, Sille Kingsrød-Kristoffersen og Frida Søderberg Nyhus håpar mange finn vegen til Telemarkskonferansen på Kroa ved USN i Bø.
Unni Buverud
Studentar arrangerer konferanse om frivilligheit – med kjente profilar på besøk
Motivasjon og rekruttering til frivilligheit er tema når idrettsstudentar ved universitetet byr inn til Telemarkskonferansen 2022.
Telemarkskonferansen som blir arrangert på Kroa i Bø den 5. april, er eit samarbeid mellom Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Vestfold og Telemark fylkeskommune i høve frivilligåret 2022. Det rettar seg mot alle som har interesse for frivillig arbeid, og som vil vite meir om dette temaet. Påmeldingsfrist er 30. mars.
Ut året digital
for 250,-
Deretter 159,- per månad.
Inga binding.
Kjøp