Ansvarleg redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje.
Ansvarleg redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje. FOTO: Bjørnar Nesje

– Me kan ikkje fortsetje med krisepakker til alle og ein kvar

Nå må me slutte å klage og syte, me som bur i verdas tryggaste og rikaste land. Me må slutte å vere sjølvgode og synest synd på oss sjølve. Me må stikke fingeren i jorda og sjå kva folk er opptatt av elles i verda, her me sit på berget og akkar oss over manglande koronastøtte til ditt og datt, høge straumprisar og dyr bensin. Og det gjer me attpåtil med både dobbelt opp av hus og hytter, to og tre bilar i hushaldninga og matvareprisar som ikkje akkurat tek bort brorparten av inntekta vår. Den brukar me nemleg på fritid og luksus – i alle fall dei fleste av oss.

Me kan ikkje fortsetje med krisepakker til alle og ein kvar. Det er rett og slett ikkje berekraftig. Nå må regjeringa målrette støtte mot dei som treng det aller mest, for dei gruppene finst, og det er dei som bør få støtte om det skal delast ut noko. Det er derimot svært mange som har god familieøkonomi i Noreg i dag, med to greie inntekter. Når ein tener opp mot ein million kroner i ein familie i året, bør ein ha nok til å klare seg. Kanskje skal me stille oss spørsmålet om det ikkje er på tide å leve litt meir nøkternt? Det er ikkje ein menneskerett med hytte på fjellet, dyre helgeturar til Europa og ferie i Syden, eller I-pad til kvart familiemedlem og bil til alle med førarkort.

25 kroner literen for bensin kjennest heilt klart i lommeboka, særleg for dei som driv i transportbransjen, eller må ha bil for å kome seg til jobb fordi det ikkje går buss der dei bur. Likevel – dyr bensin kan kanskje få oss til å tenkje oss om ein ekstra gong før me brukar bilen unødig. Kanskje kan me til og med samkøyre meir og planleggje fellesreiser slik at ein slepp å ha to bilar. Det kan i alle fall ikkje skade. Kanskje er det strenge reglar og auka kostnadar som må til for at me skal gjere meir enn å snakke fint om gode tiltak for å redde klima og miljø.

Før i tida måtte ein også i Noreg sette tæring etter næring. Me har godt av å gjere det igjen, kvar og ein av oss her i landet. I verdsmålestokk har ein svært stor prosent av nordmenn svært god personleg økonomi, og me må passe oss slik at me ikkje får ein sytekultur som til sjuande og sist fører til politikk der alle og ein kvar blir subsidiert, som igjen fører til høge renter, dyr straum og mat – noko som vil gå mest utover dei som ikkje har det så lett.