SKRIV OM LEIKEN I OSS: Sokneprest i Sauherad og Nes.
Privat
– Leik har inga aldersgrense, leiken er ein del av oss alle
– Skal vi leike? Som barn var dette spørsmålet eit av dei mest naturlege i verda, og som oftast fekk ein positivt svar frå den andre og grønt lys av foreldra. Hurra! Nå var det berre fantasien som satt grenser for leik og moro, i alle fall inntil vi skulle begynne på ungdomskulen. Da var det slutt. Leik var jo for barn. Eller, vi kunne strekke oss til å hoppe strikk, da, det var trass alt ikkje så barnsleg.