REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Første steg for å inkludere fleire er ganske enkelt

I ei undersøking frå 2020 gjort av Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, kjem det fram at 17 prosent av innvandrarar i Noreg deltek i frivillig lags- og organisasjonsliv. Rapporten konkluderer med at det er markant lågare enn talet på norskfødde som deltek i frivillig arbeid. Samtidig viser det seg at på nettsida frivillig.no, der 2500 ulike organisasjonar har lagt ut oppdrag for frivillige, er det dobbelt så mange nordmenn med innvandrarbakgrunn som melder seg. Da kan ein spørje seg kvifor ikkje fleire innvandrarar er med i frivillig sektor, for det står tydelegvis ikkje på interessa.

I dei skandinaviske landa deltek svært mange i frivillige organisasjonar. Ifølgje Integrerings- og manfoldsdirektoratet (Imdi) er over 60 prosent av befolkninga i Noreg frivillige. Me skil oss derfor ut blant europeiske land, og myndigheitene legg aktivt til rette for frivilligheit og organisasjonsarbeid – og har gjort det over lang tid.

Eit anna kjenneteikn ved skandinaviske land er at befolkninga har høg grad av tillit til både myndigheiter, institusjonar og folk flest. Dessutan fungerer organisasjonslivet i lokalsamfunna som viktige arenaer for bygging av tillit og nettverk mellom menneske, og er det som blir kalt sosial kapital i eit samfunn. Det viser seg òg at sosial kapital styrker føresetnadane til å løyse kollektive utfordringar i eit samfunn. Aktivitetar gjennom frivillige organisasjonar fungerer òg som ein sosial møteplass mellom nye og gamle innbyggjarar, og bidrar til mindre utanforskap og betre integrering av både innvandrarar og andre nyinnflytta i lokalsamfunnet.

Ifølgje forskinga er den viktigaste vegen inn i frivillig innsats gjennom lause nettverk og bekjentskap, ikkje gjennom nær familie eller venner. Det stadfestar også ein av dei frivillige innvandrarane i Midt-Telemark som Bø blad har snakka med. Han understrekar kor viktig det er å bli spurt når ein er ny i landet, og at det gjer terskelen lågare for å bli med. Fribyforfattaren i kommunen vår har òg skrive at god integrering handlar om tovegs innsats. Kor godt innvandrarar blir integrert er òg avhengig av kor god lokalbefolkninga er til å inkludere dei. Studiar av fleirkulturelle lokalsamfunn viser dessutan at vellykka fellesskap kjem når lokale myndigheiter legg til rette for og koordinerer samarbeid på tvers mellom ulike aktørar.

Me har alle eit ansvar, og i ei tid der me veit at mange frivillige lag slit med rekruttering er kanskje det første steget for å løyse problemet eigentleg ganske enkelt: Vær direkte – og be nokon med!