LAND I KRISE: Ukraina blei 24. februar angripe av nabolandet Russland og er nå i krig.
LAND I KRISE: Ukraina blei 24. februar angripe av nabolandet Russland og er nå i krig. FOTO: NRK

– Flyktningane som kjem treng meir enn avlagte klede og sko

Midt-Telemark kommune gjer seg klar til å ta imot mange flyktningar frå Ukraina. Etter førespurnad frå Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), har lokalpolitikarane i Midt-Telemark vedteke å ta imot 100 flyktningar i løpet av året. Det er eit historisk høgt tal. Det blir ikkje debattert så mykje som vanleg i landet vårt om me skal opne dørene og grensene våre når det gjeld denne krigen og desse flyktningane – heldigvis. Det skulle bare mangle om ikkje me rikingane i nord tar imot dei som lid. Slik burde det alltid vere når krig og konflikt pressar store folkemasser på flukt, uansett kor flyktningane kjem frå.

Det vil krevje mykje av kommunen å busette så mange flyktningar. Menneska som kjem skal ikkje bare ha ein stad å bu. Dei skal først gjennom byråkrati og registrering i eit framandt land, som heilt sikkert vil vere ei ekstra påkjenning etter flukt, vonde opplevingar og krigstraumer. Dei skal òg bli innrullert i helse- og skulesystem lokalt, få undervisning og karriererettleiing, og aller helst kome seg i jobb. Rett og slett få eit liv igjen – eit kvardagsleg liv ein annan stad enn i heimlandet, der situasjonen truleg i lang tid vil vere vanskeleg og uavklart.

Kommunen må vere førebudd på alt dette når flyktningane kjem, og til alt hell ser det ut til at dei kjem i puljar fordelt utover året. Det opnar for litt lenger tid til å få ting på plass slik at det blir ei ordentleg mottaking. Det viser seg at det også står mange klare til å hjelpe. På kommunehuset i Midt-Telemark fekk dei veldig tidleg tilbod om både det eine og andre frå privatpersonar i kommunen. Det fløymer over med utstrekte hender, både når det gjeld praktisk og materiell hjelp.

Kva treng eigentleg ein flyktning, den som har flykta frå alt sitt og mange av sine kjære til ei ukjent og usikker framtid? Ein blir nok glad for både hus, helsehjelp og skule. Nokon set også pris på dei avlagte kleda som dei fleste av oss har meir enn nok av. Det flyktningane vil trenge mest er nok likevel det å bli sett og høyrt som menneske. Dei treng folk som bryr seg, som lyttar, gjev ein klem og tek seg tid til å vere ein ven. Dei treng midt-telemarkingar som tek dei med på tur, inviterer dei heim og lar dei bli kjent med sitt nye lokalsamfunn på beste vis. Dei treng folk rundt seg for å bli godt integrert på sin nye heimstad, uansett kor permanent den er eller kjem til å bli – og det treng ein flyktning uansett kor han eller ho kjem ifrå, og uansett når dei kjem. Å bli integrert er ei tovegs handling, og me som bur i Midt-Telemark frå før har eit stort ansvar. Klarar me å ta det?