REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Er du blant dei som bidreg, eller er du ein som bare haustar av andres arbeid?

Det norske samfunnet er på god veg inn i gjenopning etter to år med unntakstilstand og pandemi. Det merkar me også i Midt-Telemark. Stadig fleire tek sjansen på å arrangere større tilstelningar der mange er samla, færre jobbar på heimekontor og me er relativt trygge når det gjeld smittespreiing og sjukdom.

Det er godt å sjå at det livnar til, og det er tydeleg at folk set pris på å møte andre i det offentlege rom igjen. Arrangørar slår på stortromma og inviterer til det eine spennande opplegget etter det andre, og me har mange flinke folk i kommunen som jobbar hardt for at du og eg skal ha fine ting å vere med på der me bur.

Bare frå påske og utover har det vore ei mengd konsertar sportsarrangement og festivalar. Og det stansar ikkje med det. Me går inn i den travlaste tida for storhendingar i kommunen, med vårmarknad, cupar, bokfestival og sommarshow av ulik art, og snart kjem turistane og skaper liv i vassparken og andre turistmagnetar i den fine kommunen vår.

Stort sett er det ivrige eldsjeler og frivillige som sørgjer for at det blir så mykje liv i bygda våre. Det kjem ikkje ovanfrå, det som skjer. Heldigvis er det folk på grasrota som skaper dei gode opplevingane for folk – dei som gjev samhøyrsle og byggjer opp den gode kjensla av at det er godt å bu i Midt-Telemark. I 2022 er det frivilligåret, der kommunar landet rundt skal setje fokus på det frivillige arbeidet som blir gjort, noko som også me i lokalavisa har tatt på alvor. Det viser seg at det er eit vanvittig mangfald å ta av – både andre stader, men kanskje ekstra mykje her. Og det er ikkje til å stikke under ein stol at nettopp alle tilboda som flinke midt-telemarkingar er med på å servere innbyggjarane, er det som trekkjer folk til tettstadene våre.

Med dette i bakhovudet kan kvar av oss kanskje gå litt i oss sjølve og spørje om me er av dei som bidreg, eller om me er gratispassasjerane som bare haustar av andres arbeid. Det er mange måtar me som enkeltindivid kan vere med på å støtte opp om frivillig arbeid. Først og fremst kan me bruke tilboda, kjøpe billettar til konsertar, festivalar og andre arrangement. Me kan også bidra som frivillige, både der ungane våre deltek på aktivitetar og der det kanskje trengst ei ekstra hand uansett. Folk i alle aldrar kan vere med – og det beste ved å bidra er at ein alltid får noko tilbake sjølv. Er det ingen som bidreg, blir det heller ikkje tilbod å vere med på. Utfordringa går hermed ut til alle: Kva kan du gjere for andre på staden du bur?