SKJØNNE MAI. Det er mykje å gle seg over i mai.
Marta Kjøllesdal
Kom mai du skjønne milde – ein quiz om den skjønne månaden
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Synnøve sin tur.
1. Christian Adolf Overbeck (1755-1821) er opphavsmannen til sangen «Kom mai du skjønne milde», men kven har laga melodien?
2. «Ja vi elsker dette landet» er Noregs nasjonalsang i dag, men kva heitte den forrige?
3. Kvar blir den originale grunnlova frå 1814 oppbevart?
4. Når blei 1. mai offentleg flaggdag i Noreg?
5. Kor mange offentlege flaggdagar har me i mai i år?
6. Når på døgnet skal me her i Sør-Noreg heise og fire flagget i sommarmånadene?
7. Kva bestemmer når Kristi Himmelfartsdag kjem kvart år?
8. 14. mai er det finale i Eurovision Song Contest 2022, men kvar?
9. Og kven representerer Noreg?
10. Og kva heiter sangen?
11. Kva er stjernetegnet ditt om du er født 17. mai?
12. Kan du fullføre dette uttrykket: Mai kulde gir ….
13. Er det latinske namnet på kvitveis Tussilago Farfara?
14. Det er stor aktivitet på Bø torg denne våren, men når blei det «nye» torget opna?
15. Kven var ordførar då?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp