-Russen har hatt det kjipt, men avslutninga var bra
Russepresident Tonje Sannes Moen omtala koronatida i si tale på torget. Ho sa det hadde vore kjip, men at dei gler seg over ei fin russetid.
Det vart liv og leven i Bøgata då russen inntok sentrum som avslutning på den offisielle markeringa av nasjonaldagen. Først kom russetoget med bilar og folk, deretter var det klart for russetale foran eit fullsatt torg.