GROSTUL HYTTEFELT: Dette er eit av dei nyaste hyttefelta i nærleiken av Jønnbu. Fleire hytter har blitt ført opp her dei siste åra.
GROSTUL HYTTEFELT: Dette er eit av dei nyaste hyttefelta i nærleiken av Jønnbu. Fleire hytter har blitt ført opp her dei siste åra. FOTO: Øysttein Akselberg, arkiv

– Nå må me som bur i kommunen seie det me meiner om utvikling på Lifjell

Er du glad i og brukar av Lifjell, Noregs sørlegaste høgfjell? Bryr du deg om korleis det skal sjå ut i dette unike fjellområdet i framtida? Vil du ha fleire hytter der, veg opp til Glekse, fleire turløyper eller skjerma leikeområde? Ønskjer du deg mange fleire skiheisar, eller ingen av delane?

Enten du er lokal innbyggjar i Midt-Telemark kommune, hytte- eller grunneigar, organisasjon eller andre som meiner noko og vil seie ditt om korleis ein skal verne eller byggje ut på nærfjellet vårt, bør du få ut fingeren temmeleg snart.

Torsdag 19. mai går høyringsfristen ut for å kome med gode idéar og nye innspel til utvikling og planlegging av Lifjell dei neste ti åra. Det som blir bestemt nå, kan få store konsekvensar for korleis fjellområdet vårt vil sjå ut i generasjonar framover.

På Lifjell er det til dømes eit ganske lite område som er lett tilgjengeleg for turfolk. Det gjeld særleg områda rundt Jønnbu og i Solskinnsdalen. Desse områda har i alle år vore enkle for dei fleste å kome til, og der er det mange smårollingar som har lagt grunnlaget for skiferdigheitene sine. Dei siste åra har hytteutbygginga ete seg innover i desse områda, og det har sjølvsagt fått konsekvensar for bruken av området. Ein bør nå stille spørsmål om det også vil få konsekvensar for kva ein skal etablere i området i framtida.

Fram til nå har det kome nokre få forslag og innspel frå ulike hald i høyringsprosessen, men det ser ikkje ut til å vere overveldande mange som bryr seg om utviklinga vidare.

Både hytteeigarar i Lifjellområdet og grunneigarar som ser på utvikling av areala sine, har sagt sitt. Hytteeigarane ønskjer seg byggjegrense og vil bevare friareal i området rundt Krintokleiva. Dei ønskjer seg òg betre tur- og skiløyper, fleire heisanlegg og mulegheit til å ha gjerde rundt hyttene sine. Innspel om ein alpelandsby på Jønnbuflata har kome frå ein grunneigar, og folk i beitenæringa har hatt møte med kommunen. Bø turlag har òg levert høyringssvar til kommunen, der det kjem med konkrete innspel i planprosessen og arealbruken. Laget er dessutan tydeleg på kva det ikkje vil ha på Lifjell.

Arealplanleggjaren i kommunen saknar innspel frå oss som bur i kommunen, og som kanskje brukar fjellet aller mest. Særleg er det ønskje om kva ein bør gjere med friområda i planområdet, og kva folk ønskjer seg av tilrettelegging, tilbod og aktivitetar rundt Jønnbu.

Me har altså sjansen til å bli høyrt, men det er nå det må skje. Så har ein sterke meiningar og gode idéar må ein altså ikkje vente for lenge. For dei som skal planleggje og ta avgjersler er det viktig at innspela kjem nå – så tidleg som muleg i prosessen.