DEN BESTE: Matfar Christian Michelsen er stolt over at Onyx vann heidertittelen også denne gong. FOTO: Unni Buverud
OPPDRETT: – Me driv med oppdrett og reiser over heile landet og til utlandet på stemne, seier Ingeborg Therese, og klargjer nok ein hund for utstilling. FOTO: Unni Buverud
SMÅTASSAR: Desse søte småtassane er berre åtte veker gamle, men er med resten av gjengen på stemnet. FOTO: Unni Buverud
HEIDER: Denne hunden var svært nysgjerrig på fotografen. FOTO: Unni Buverud
SJÅ HÅTT EG KAN: Charlie er ikkje heilt konsentrert, men rullar lydig rundt når matmor Liv Merete Langås gjev kommando. FOTO: Unni Buverud
DEBUTANT: Merete Bakken Kaasin frå Notodden og Dakota, ein australsk shepperd, stilte i nybegynnarklassa i rallylydighet. Ho var nervøs på førehand, men dommaren var nøgd. FOTO: Unni Buverud
NYFRISERT: Mellompuddelen Frida deltok for første gong, og måtte friserast av matmor Mia Stokke frå Ski. FOTO: Unni Buverud
PENT PAR: Anne Tone Langeland Stensrud frå Helga med 11 år gamle Buffy. Hunden, ein blanding av labrador og kongepuddel, går i eliteklassa, og har vore på pallen fleire gonger. Her ventar dei på tur. FOTO: Unni Buverud
DENNE VANN: Dommaren lyfter armen og syner kven av hundane som vann denne klassa. FOTO: Unni Buverud
FORSIKTIG: Vesle Iris gjev hunden Sirena ein forsiktig klapp. Her saman med mamma Maria del Carmen Omenås Kolstø og pappa Ricky Spencer frå Bamble. FOTO: Unni Buverud

Kjempa mot mange andre på Sanda camping – Onyx var den finaste i si rase

Rundt 600 hundar var samla på dobbeltutstilling og rallylydigheitsstemne på Sanda camping i helga. Chiuauaen Onyx frå Holtsås kunne smykke seg med raud sløyfe og tittelen best i rasen, veteran (BIR)

Publisert Sist oppdatert

Bø og Sauherad hundeklubb var saman med Norsk Schipperkeklubb arrangør av det store hundestemnet i Midt-Telemark sist helg. Sistnemnde hadde ansvar for utstillinga, mens lokallaget var ansvarleg for rallylydigheits-delen laurdag, samt begge delar søndag.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS