KAN BLI RIVE: I Bøgata 83 og 85 kan det bli etablert ein Burger King. Spørsmålet nå er om kommunen vil tillate riving av dei gamle husa.
KAN BLI RIVE: I Bøgata 83 og 85 kan det bli etablert ein Burger King. Spørsmålet nå er om kommunen vil tillate riving av dei gamle husa. FOTO: Øystein Akselberg

– Rive eller ikkje rive? Nå er det opp til politikarane våre

To av dei mest leste sakene i nettavisa til Bø blad dette halvåret har vore nyheitssaker som me har publisert om ei muleg etablering av hamburgerrestauranten Burger King i Bø sentrum. Engasjementet har også vore stort da me delte sakene på Facebook. Svært mange har tatt seg bryet med å skrive ein kommentar og sagt kva dei meiner om saka.

Det som gjer at engasjementet er så stort, har fleire årsakar. Ein ting er at det er mange som synest det er stas med utvikling i kommunen. Ein heiar på folk som vil satse og etablere seg, i tillegg til at det blir skapt nye arbeidsplassar. Ein annan er at mange likar at det kjem fleire tilbod i sentrum. Kva slags burger ein et har nemleg noko å seie. Andre igjen synest ikkje hurtigmat er noko å trakte etter, og meiner det vil freiste fleire ungdommar til å bruke pengar på og ete usunn mat.

Det som får opp temperaturen i debatten etter den andre artikkelen me har publisert, og som truleg vil vere det som blir ankepunktet i denne saka når den skal til politisk behandling, er at tomtekjøpar og utbyggjar har planar om å rive dei to eldre bygga som står på tomta. Burger King sentralt har sagt ja til å kjøpe land og etablere seg på ein av dei mest sentrale eigedomane i Bø sentrum, rett ved rundkøyringa. Selskapet stiller samtidig krav til at husa blir rive. Eit av husa er verna og har ein viss historisk verdi, men det er ikkje freda.

Det er ikkje heilt uproblematisk at ein utbyggjar gjer dette, og slettes ikkje når det handlar om eit sterkt multinasjonalt selskap med mykje makt. Når slike saker dukkar opp, er det viktig at me har politikarar som har ryggrad og evne til å tenkje, analysere og sjå lenger enn til nasetippen når dei skal avgjere kva ein skal seie ja til og ikkje. Det er lett å la seg blende av at både den eine og andre storkaren ser bygda som interessant å slå seg ned i, det må dei også gjerne viss det er gode grunnar til det. Samtidig må dei folkevalte, som på vegner av oss alle skal forvalte både nåverande utvikling og berekraftig framtid, tore å stille krav og sjå heilskapen i ting før ein tek avgjersler som får konsekvensar for framtida.

Ein kan gjerne seie ja takk, men det bør vere gjennomtenkt. Det går an å stille krav. Esso-bygget i Bø, med saltak, er eit minne om standhaftige og uredde Bø-politikarar som torde å stå på krava for bygda si og som ikkje la seg langflate utan å tenkje å meine. Til sjuande og sist er det politikarane i Midt-Telemark som skal ta valet om riving eller ikkje – ikkje Burger King.