SUPPE- OG KAKEFEST: Sundag 1. mai var det suppe- og blautkakefest i Lektorvegen 16 i Bø. Halvor Hegna og Olav Høibø inviterte og varta opp med heimelaga kjøtsuppe og blautkake. Ifølgje Halvor Nymoen var dei 13 til bords i det trivelege selskapet, alle bebuarar i Lektorvegen 16. FOTO: Halvor Nymoen
AKSJON FOR UKRAINA: Laurdag 30. april sto ein flott bukett jenter utanfor butikken Steintøy og parfymeri i Bøgata og selde muffins, honning og kjærleik på pinne for å samle inn pengar til barna i Ukraina. F.v. Olava Farstad Vika, Sigrid Elisabeth Skilbred Helås, Nora Jørum, Eline Bjørnfeld og Emma Bergan Holtan. FOTO: Cecilie Bjørnfeld
FLOTT UTSIKT: I Øvre Bø kan du få denne fine utsikta, med vidt utsyn over slettene vest i Midt-Telemark kommune. Utsiktspunktet er Korpenuten, dit du kjem etter litt klatring i bratt terreng. Dette bildet er tatt i påska 2022. FOTO: Elin Josefsen
DUGNAD FOR CUP: Fotballjenter frå Skarphedin nytta høvet til å tene pengar da Bø blad arrangerte Bilens dag 30. april. Dei diska opp med kaffi, vaflar og saft som dei selte til folk som kom innom torget. Jentene takkar alle som støtta dei ved å kjøpe noko å bite i og drikke. I tillegg ønskjer dei å takke Rema 1000 for sponsing og Bø blad for lån av standplass. Nå gler jentene seg til DanaCup i Danmark til sommaren. FOTO: Inger Årdalen
BARNEIDRETTEN: Tysdag 10. mai hadde barneidretten sesongavslutning i Evjudalen i Bø. Ungane fekk diplom og is. Dei kosa seg med aktivitetar og hyggeleg lag. FOTO: Øystein Akselberg
POPULÆR LUGARKVELD: Til Bø mållag og Bø Museum si store overrasking kom det over 220 personar da laget arrangerte Lugarkveld på Sandvin. Folk kom frå både fjern og nær, og latteren sat laust då Thor Gotaas fortalte om det fargerike, men òg harde livet langs den norske landevegen opp gjennom historia. Publikum fekk høyre om loffarar, vagabondar, lire­kassemenn, småkriminelle og andre personlegdomar som la seg til vandrarlivet. Per Anders Buen Garnås spelte slåttar knytt opp mot temaet vandring og utferdstrong, og Halvor Kleppen knytta det heile saman med lokale historier om Bråtenekongen og knipne bygdesamfunn i Tele­mark. FOTO: Anders Hefre
NYTT HUSKESTATIV: HMS i førarsetet da Øvre Bø Ungdomslag hadde vårdugnad på lokalet sitt, Friheim. Det var nødvendig med høyrselsvern da Frode Hauge måtte borre skruehol det nyinnkjøpte huskestativet. Vidare f.v.: Ola Lønnestad, Jørgen Aasen og Kjell Espedalen. FOTO: Amund Johnsrud
Ein pust i bakken. Etter ei vel gjennomført arbeidsøkt er det alltid godt med litt servering og ein god prat med sambygdingar. Her er det Eikjabygda vel sin årlege vårdugnad som er over, nå er det gjort klart både ute og inne for ein ny sommarsesong. FOTO: Privat
UTSTILLINGSOPNING: Mange kom for å få med seg utstillingsopninga på Meierismuget, med musikk og kunstnarane til stades. Kåre Brynjulvsrud og Gudmund Amundsen viser her teikningar med motiv henta frå høvesvis natur og motor. FOTO: Gro B. Røiland
EIT VAKKERT SYN: Her er fruktblomstringa i Sauherad i full gang, noko dette biletet, tatt 14. mai, tydeleg viser. FOTO: Øystein Alkselberg
BEVER LANGS RIKSVEGEN: Det er ingen tvil om at det bur bever langs RV36, mellom Bø sentrum og Nordbøvegen. Fleire tre er velta og det er tydelege spor etter bever. FOTO: José Bakker
POSTBOD: Nokon er heldige med avisbodet sitt. Kokos skjønnar at det gjeld å hente det mest nødvendige. FOTO: Grete Marie Haug
Her er årets konfirmantar i Bø Pinsemenighet, bak f.v. Espoir Munyarugo og Eivind Moen Steinsvåg. Framme f.v. Malin Haugland, Amina Ramazani og Mia Kristin Gulbrandsen. FOTO: Bø Pinsemenighet

Her kan du sjå nokre glimt frå det som skjedde i Midt-Telemark i mai

I Glimt og gløtt-spalta i mai har me vist bilde av fruktblomstring i Sauherad, postbud på fire bein i Bø, flotte konfirmantar og ivrige dugnadsgjengar – og mykje anna. Her kan du sjå 13 av månadens glimt og gløtt.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS