Kom i mål i år også: Fire av dugnadsfolka på teknisk avdeling hadde innspurt på setje i stand banane på Sandvoll stadion i går kveld. F.v. Kristen Bråthen, Jørgen Kåsa, André Ladiszlaidesz og Per Oswald.
UTAN DUGNAD, INGEN CUP: Ein er avhengig av menneskeleg arbeidskraft for å arrangere cup. F.v. Kristen Bråthen, Jørgen Kåsa, André Ladiszlaidesz og Per Oswald. FOTO: Øystein Akselberg

– Det blir ikkje cup, kamp eller overnatting utan folk i kiosken, på banen eller skulen

I Midt-Telemark blir det drive eit viktig arbeid heile året, og på mange felt. Dugnaden og den frivillige innsatsen er noko av det som er med på å gjere kommunen me bur i så attraktiv at dei fleste trivst godt her og mange flyttar hit og blir verande. Her er flust av tilbod og aktivitetar for dei fleste, og for alle aldersgrupper.

Sjølv om det blir drive dugnad heile året i kommunen vår, er kanskje juni den travlaste månaden når det kjem til frivillig innsats. Fire cuphelger på rad krev sitt, og ein er heilt avhengig av hjelpande hender for å klare å gjennomføre desse arrangementa. Dei gjev kroner i kassa til arrangørane – som igjen fell tilbake på dei som er med på dei ulike aktivitetane.

Dugnadsarbeid gjev ein meirverdi. Det er med på å forme og definere lokalsamfunnet, og gjev mykje tilbake til dei som er med. Slik er det, sjølv om det av og til kan opplevast krevjande, aller mest for dei som bidreg på veldig mange ulike område og som alltid stiller opp og seier ja – kanskje fordi nokon andre sa nei.

Stadig oftare høyrer me at det er vanskeleg å få folk til å stille opp til frivillig arbeid, og mange snakkar om nye generasjonar foreldre og andre som helst kjøper seg ut av dugnad – viss dei kan. Å følgje eigne preferansar og prioritere dei framfor fellesskapet er ein trend i tida, likevel er det ikkje muleg å få til ting utan at folk stiller opp med seg sjølv. Det blir rett og slett ikkje cup, kamp eller overnatting utan folk i kiosken, på banen eller skulen. Ein er avhengig av menneskeleg arbeidskraft for å få det til å gå rundt – og det kan ein ikkje kjøpe seg ut av.

To år utan cupar har gått forbi grunna koronapandemien. Mange barn har aldri vore på cup, og mange foreldre har ikkje fått med seg at ein faktisk må stille opp for å få arrangementa til å gå rundt. Foreldre bør kanskje minne seg sjølv på at ein er foreldre bare ein kort periode i livet og at tida med dugnadsinnsats går fort. Å vise engasjement og delta er viktig viss ein ikkje vil at dei ulike arrangementa skal stoppe opp – og det blir sårbart når stadig fleire melder seg ut. Det gjeld ikkje bare dugnaden som er ei enkel vakt nokre gonger i året – det gjeld òg det å ta ansvar og bli med i styre og leiing gjennom heile året. Ein kan ikkje alltid kvile seg på at nokon andre tar det. At kvar enkelt lærer seg å delta og bidra gjer storsamfunnet betre.

Takk til alle som står på desse travle junidagane og skapar gode dagar og minne for andre – og gjer bygda vår til ein betre stad å bu.