BLOM TIL HØLLÉNN I.L.: Nokre av pådrivarane i Høllénn I.L, som nå får heider. F.v. Tor Henning Forberg med Signe (2), Sindre Eid Hermansen og Torbjørn Sanden med Olea (1).
Gro B. Røiland
Dei unge mannfolka er mest kjent for spreke skihopp – nå får dei pris for noko heilt anna
Heimesnikra folklore og lun humor, alt på klingande bødialekt eller nynorsk. Det er har gitt gjengen bak Høllénn I.L. målblom frå Bø mållag.
I koronaåret 2021 blei det ikkje delt ut språkblom. I 2022 skal språkvaktarane i Bø mållag derfor dele ut to heidersprisar. Den fyrste går til idrettslaget Høllénn I.L., kjent som arrangør av Hollane skifestival med spektakulære hopprenn sidan 2017.