BLIR SPLITTA: Telemark og Vestfold har vore eitt fylke i to år. No skal ein dele det opp att.
BLIR SPLITTA: Telemark og Vestfold har vore eitt fylke i to år. No skal ein dele det opp att.

– Blir det verkeleg betre å splitte Vestfold og Telemark igjen?

Denne veka blei det stemt over fylkesdeling i Stortinget, og berre to år etter samanslåinga av Vestfold og Telemark til eitt fylke, skal ein starte jobben med å dele det nye fylket i to att. Frå 1. januar 2024 skal det igjen heite Vestfold fylke og Telemark fylke. Det er eit politisk vedtak, og ikkje nødvendigvis riktig i alles augo. Det har da også kome fram mange stemmer i prosessen som er mot det nye vedtaket. Mange av dei var kan hende i utgangspunktet mot samanslåing av fylka, men ser det som både sløseri og umodent å gjere om på vedtak før ein har sett korleis det som tidlegare har blitt bestemt eigentleg fungerer. Det kan jo vere ein viss mulegheit for at det går ganske greitt, sjølv om ein trudde annleis.

Dei som har jobba for oppsplitting av det nye fylket brukar demokrati og vedtak gjort nærmare folk som gode grunnar til å få tilbake Telemark fylke. Det kan godt hende det stemmer, men av og til kan det vere grunnar til å slå saman einingar, til dømes for å få «større og meir robuste» samarbeid, som det så fint heiter. Kanskje blir det til og med meir profesjonell handtering av arbeidsoppgåvene med større avdelingar.

Det er nok ulike meiningar om korleis ting har fungert før og nå på alle plan i fylket. For lokalavisa i Midt-Telemark sin del har det vore udelt positivt med ein større fylkeskommune, sjølv om me ikkje meinte så mykje om dette verken før, under eller etter samanslåinga.

Vår oppleving av den nye fylkeskommunen har vore ei stor profesjonalisering av kommunikasjonsavdelinga i fylket, noko som har ført til at me som bur i øvre del av fylket har fått ein mykje større tilgang på nyheiter og opplysningar som kan kome våre innbyggjarar til gode. I staden for å vere ein utilgjengeleg institusjon som me visste svært lite om, og fekk lite og sjeldan informasjon frå, har me opplevd å få eit hav av opplysningar, profesjonalisert med god service, teknisk kunnskap og til og med godt skrive på nynorsk. Med ei stor og profesjonell informasjonsavdeling i fylket har me fått betre og raskare innsikt i nyheiter som gjeld alle i fylket, og fått vite korleis også midt-telemarkingar kan få ein del av alle pengane som fylkeskommunen deler ut, til dømes gjennom ulike stipend og andre støtteordningar. Det har me vidareformidla, og det har gjort også innbyggjarane i Midt-Telemark merksame på kva som finst der ute.

Viss ikkje større informasjonsflyt er eit løft for demokratiet og likestilling av by og land, kva er det då? Me er veldig spente på korleis den nye organisasjonen i eit nytt Telemark vil bli, og om den vil klare oppgåva med å informere HEILE fylket like godt som ein mindre organisasjon, truleg med færre ressursar i framtida. Me kryssar fingrar.