GODT HUMØR: Speidarane Herman Ohldeick Hildremyr, Eskil Seljebotn Setvik, Harald Miland Thomsen, Edvard Solberg og Marlene Nordhus held humøret oppe, trass i sølete leirgater. FOTO: Morten Kleiv
TØRKETELT: Bø-speidarane har rigga til eige tørketelt for klede, sko og soveposar. FOTO: Martin Stærk
GJØRME: Mykje nedbør har ført til store mengder gjørme og vatn i delar av leirområdet og om lag 100 speidarar er evakuerte. Dette er frå gangvegen ved gruppeområdet. FOTO: Martin Stærk
BRU: Bø-speidarane har grave grøfter og bygd bruer. Her er Henrik Romnes på brua. FOTO: Morten Kleiv
SIKRA TELT OG OMRÅDE: Regnet og vatnet har kome.Bø-speidarane har lagt ut hunved på dei våtaste stadane for å unngå våte sko. Telta er sikra mot vatn med grøfter. FOTO: Morten Kleiv
SIKRA TELT OG OMRÅDE: Regnet og vatnet har kome.Bø-speidarane har lagt ut hunved på dei våtaste stadane for å unngå våte sko. Telta er sikra mot vatn med grøfter. FOTO: Morten Kleiv
SIKRA TELT OG OMRÅDE: Bø-speidarane har lagt ut hunved på dei våtaste stadane for å unngå våte sko. Telta er sikra mot vatn med grøfter. FOTO: Morten Kleiv
SIKRA TELT OG OMRÅDE: Bø-speidarane har lagt ut hunved på dei våtaste stadane for å unngå våte sko. Telta er sikra mot vatn med grøfter. FOTO: Morten Kleiv
BØ-LEIREN: Her er Bø speidergruppe sitt leirområde. FOTO: Morten Kleiv
PASTA TIL MIDDAG: Brian Kvålen-Pedersen og Ivo Avari Skjærum-Vasbø kosar seg med pasta bolognese til middag. FOTO: Morten Kleiv
LEIRBYGGING: Emilie Haugestøl Skjelbred (f.v.), Tomine Jacobsen og Mari Vedvik Bergskås bygger leir. FOTO: Morten Kleiv
OPPVASK: Harald Miland Thomsen, Edvard Solberg og Haakon Romnes vaskar opp med godt humør. FOTO: Morten Kleiv
LEIROMRÅDET: Leirområdet i Forsand, der 3500 speidarar er samla til landsleir. FOTO: Morten Kleiv
SVINGHUSKE: Kari Skogen og Emilie Haugastøl Skjelbred bygger svinghuske til inngangsportalen. FOTO: Morten Kleiv
LANGBORD: Mat på langbord til 35 personar. Elleve meter langt bygg av raier og presenningtak helde dei tørre. FOTO: Morten Kleiv
BYGGER BORD: Leah Marielle Valkeinen og Emilie Stenersen Vassend bygger spisebord. FOTO: Morten Kleiv
UNDER KONSTRUKSJON: Leir under konstruksjon på dag to av landsleiren. FOTO: Morten Kleiv
KORTSPEL: Marlene Nordhus og Leah Marielle Valkeinen spelar kort i regnvêret. FOTO: Morten Kleiv
BYGGER: Martha Reinboth og Henrik Romnes bygger leir. FOTO: Morten Kleiv
BYGGER PORT: Sverre Skogen bygger inngangsporten til Bø speidergruppe sitt leirområde. FOTO: Morten Kleiv
BLIDE: Blide speidarar, sjølv om vêret ikkje er det beste. F.v. Tomine Espedalen, Leah Marielle Valkeinen, Marlene Nordhus, Tuva Espedalen og Ingrid Marie Stærk. FOTO: Martin Stærk
KAKER: Speidarleiarane Morten Kleiv og Trond Magnus Haugen lagar blautkaker.
OPPVASK: Ina Ottersen Brokeland og Casper Vik vaskar opp etter lunsj. FOTO: Morten Kleiv

Bø-speidarar på landsleir: Vått og gjørmete, men god stemning og stort sett tørre føtter

Store nedbørsmengder har gjort landsleiren for speidarar til ei våt oppleving. Frå leirplassen til Bø speidergruppe blir det meldt om god stemning og stort sett tørre føtter.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka er 34 speidarar frå Bø speidergruppe i Forsand i Rogaland, der over 3500 KFUK/KFUM-speidarar frå heile landet er samla til landsleir. Blant dei 34 speidarane er det seks leiarar og 28 barn i alderen 11 til 16 år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS