ER MED PÅ SPØKEN: Anna Bugge (19) er sommarvikar i Bø blad. Måndag blei ho utsett for ein spøk av bergensartisten dePresno, som fleire aviser og nettstader har plukka opp. Her har ho kledd seg opp i Brann sitt supporterutstyr i høve saka.
Øystein Akselberg
Anna blei rundlurt av kjendis da ho var på jobb for Bø blad: – Det var bare moro
Sommarvikar i Bø blad, Anna Bugge, blei i dag landskjend etter å ha blitt utsett for ein spøk. Det kan ho takke artisten dePresno for.
Anna Bugge har kome som eit frisk pust inn i Bø blad-redaksjonen denne sommaren. 19-åringen er sommarvikar som journalist og skal arbeide i lokalavisa i tre månader.