ER MED PÅ SPØKEN: Anna Bugge (19) er sommarvikar i Bø blad. Måndag blei ho utsett for ein spøk  av bergensartisten dePresno, som fleire aviser og nettstader har plukka opp. Her har ho kledd seg opp i Brann sitt supporterutstyr i høve saka.
ER MED PÅ SPØKEN: Anna Bugge (19) er sommarvikar i Bø blad. Måndag blei ho utsett for ein spøk av bergensartisten dePresno, som fleire aviser og nettstader har plukka opp. Her har ho kledd seg opp i Brann sitt supporterutstyr i høve saka. FOTO: Øystein Akselberg

Anna blei rundlurt av kjendis da ho var på jobb for Bø blad: – Det var bare moro

Sommarvikar i Bø blad, Anna Bugge, blei i dag landskjend etter å ha blitt utsett for ein spøk. Det kan ho takke artisten dePresno for.

 

Anna Bugge har kome som eit frisk pust inn i Bø blad-redaksjonen denne sommaren. 19-åringen er sommarvikar som journalist og skal arbeide i lokalavisa i tre månader.

Måndag blei ho sendt avgarde til opninga av studieåret ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø. Der stod bergensartisten Bjarte De Presno Borthen med band for underhaldninga, og det skulle vise seg å bli meir moro med dei enn det i alle fall Anna hadde sett føre seg.

Blei rundlurt

Anna fekk med seg konserten og var i kontakt med artisten via tekstmelding etterpå for å få namna på alle musikarane som var med.

– Eg fekk melding med alle namna på dei i bandet frå ein som heitte Raymond, seier Anna.

Ho tenkte da at alt var i orden.

Under bildet av bandet, skreiv ho derfor følgjande i bildeteksten:

MUSIKK: Med Håkon Opdal på piano, Petter Vaagan Moen på bass, Mons Ivar Mjelde på gitar og Raymond Kvisvik på trommer sto artisten dePresno for den gode stemninga på opninga.

– Dagen etter fekk eg vite av kollegaer i Bø blad-redaksjonen at namna til musikarane nok ikkje kunne stemme. Dei er nemleg alle gamle heltar i fotballklubben Brann, tre som spelarar og ein trenar, forklarer Anna, som ikkje kan så mykje om fotball at ho avslørte spøken frå musikarane.

– Eg sendte ny melding til artisten for å rette opp saka mi med riktige namn, og fekk ei hyggeleg melding tilbake med orsaking på kjøpet, seier ho.

BERGENSAVISEN: Saka om namnespøken i Bø nådde redaksjonen i Bergensavisen også.          FOTO: Skjermdump

BadesKen først ut

Ken Andre Ottesen, som omtalar seg sjølv som «norske lokalavisers beste venn» på nettstaden BAdesKen, fekk tips frå Bø blad sjølv om feilen. Han plukka ut saka og presenterte den på Instagram tysdag. Etter 24 timar har saka hans fått nærmare 10.000 likes.

– Dette er ei oppskrift på å ufrivillig lage ein hysterisk morosam bildetekst, skriv Ottesen, og legg til at det handlar om ein journalist utan peiling på fotball som spør ein artist med sans for humor om kven som spelar i bandet.

Også artist Bjarte De Presno Borthen synest dette blei festleg.

– Eg har fått litt meldingar, og dei fleste synest dette er gøy, men eg fekk litt dårleg samvit også. Samtidig er jo dette god PR også for lokalavisa når saka endar opp på BAdesken, seier dePresno til Bergensavisen.

I løpet av onsdag plukka både Bergensavisen og Telemarksavisa opp saka og presenterte den på sine nettaviser.

– Har dei gamle Brann-heltane satsa på musikken nå, spør Bergensavisen artisten.

dePresno fortel til Bergensavisen at det var han og bassist Jakob Sønnesyn som pønska ut den slu planen da Bø blad-journalisten sendte melding om å få namna på resten av bandet.

– Me koste oss godt med den, seier artisten til Bergensavisen, og ber avisa få med at dei ikkje kunne dy seg da sjansen «Bø» seg.

Dei understrekar også at dei ikkje pleier å lure lokalavisjournalistar.

– Eg lo meg nesten i hel

Anna tek sjølv saka med knusande ro.

– Det er jo mest morosamt, sjølv om eg blei lura på jobb. No må eg vel pugge Brann-spelarar, seier ho med eit smil, og legg til at ho kanskje bør sjekke namn enda litt betre neste gong.

– No blir du vel Brann-supportar etter dette?

– Som telemarking blir det Odd for meg, slår Anna fast.

Ho seier at saka har ført til at ho er blitt kjend med BAdesKen.

– Den har eg ikkje sjekka ut før. Det har eg no, og eg har nesten ledd meg i hel av alle dei bra sakene, seier Anna.

Sjefen delar ansvaret

– Tipset til BAdesKen om denne saka kom frå vår eigen redaksjon, innrømmer redaktør Hilde Eika Nesje, og vil dele ansvaret rundt namnetabba med den unge journalisten.

– Eg las korrektur på saka til Anna og stussa litt då eg las Mons Ivar Mjelde, men tenkte at han kanskje hadde byrja å spele gitar, seier ho lattermild.

Eika Nesje peikar på at feilen blei oppdaga av ein annan journalist i redaksjonen som har god kompetanse om både Vestlandet og fotballklubben Brann spesielt. Ingen av dei andre tilsette i avisa skjønte teikninga.

– Eg tenkjer at det er mange som ville latt seg lure. Dei er ikkje så store kjendisar, desse bergenske fotballfolka, seier redaktøren, og ler godt av heile saka.