TIL NYTT HUS: Andrea Hvitås fann mange skattar til sitt nykjøpte hus på heia, mellom anna dette bildet frå New York. Bestemor Tone Fossland var med som berar. FOTO: Gro B. Røiland
SYKKELKUPP: Brukte syklar er populært på loppemarknad. Helge Moen og Roald Cinzah var to av mange som såg på syklar. FOTO: Gro B. Røiland
FOLKSAMT: Loppemarknad er populært, og det blir fort folksamt i gymsalen på Bø skule. FOTO: Gro B. Røiland
TIL ROSEMÅLING: Toril Knutson rosemålar, og på loppemarknad finn ho mange flotte ting i tre som ho kan måle på. FOTO: Gro B. Røiland
BILDE: Manglar du bilde på veggane, er det nok å finne her. FOTO: Gro B. Røiland
FULL MATCH: Mari Gaara hadde funne mange fine lopper både til privat bruk og til jobben som bustadstylist. Mellom anna hyller, stolar, bilde og ei termoskanne som matchar jakka hennar perfekt. FOTO: Gro B. Røiland
KAFE: Musikant Lars Magnus Haugen og korpsmamma Marianne Strandberg sel pølser, vaflar og kaffi i loppemarknadskafeen. FOTO: Gro B. Røiland
LANG KØ: Køen er lang for å betale, men med mange kasser går den fort unna. FOTO: Gro B. Røiland
KOSTE SEG: Folk koste seg ute i godveret. FOTO: Gro B. Røiland
UTEKAFE: Musikant Wisse Renssen selte vaflar og drikke i utekafeen. FOTO: Gro B. Røiland
DOKKEBUTIKK: Ei samling nydelege, gamaldagse dokker var donert til årets loppemarknad. Gunhild Moen Steinsvåg og Anne Haukvik Sauar rigga til dokkebutikk ute. FOTO: Gro B. Røiland
FAVORITT: Den grønkledde dokka var Anne og Gunhilds favoritt. Den forsvann fort. FOTO: Gro B. Røiland
AUKSJONARIUS: Sverre Jacobsen er ikkje lenger med og arrangerer loppemarknad, men også i år var han auksjonarius. Han hadde med seg Julie Digranes Bøen og Susanne Strandberg Opheim som hjelparar. Klokka 12 starta auksjonen av spesielt utvalde godbitar. FOTO: Gro B. Røiland
TESTAR: Jon Rørmark testar ein elektrisk gitar av typen Tokai frå 1980-talet. FOTO: Gro B. Røiland
GITAR: Levin gitar frå 1950-talet gjekk for 700 kroner, eit kupp, ifølgje Jon Rørmark. FOTO: Gro B. Røiland
SMART-TV: Auksjonarius Sverre konstaterer at høgste bud for smart-TVen er 600 kroner og klubbar «solgt». FOTO: Gro B. Røiland
TILSLAG: Det blei Audun Aaland (t.v.) som fekk tilslaget på smart-TVen. FOTO: Gro B. Røiland
FRANSK RACERSYKKEL: Ein klassisk racersykkel av merke Peugeot, made in France, var det også stor interesse for. FOTO: Gro B. Røiland
VERDIFULLE LEIKER: Gamle leiker er populære. Denne såpebobleblåsande apekatten gjekk for 2000 kroner. FOTO: Gro B. Røiland

Mange gjorde gode loppekupp i Bø laurdag. Nokon av dei kan du sjå her

Mange gjorde gode kupp da Bø skulemusikk igjen inviterte til stor loppemarknad inne og ute på Bø skule. Andre koste seg i sola med vaffel og hyggeleg prat.

Publisert Sist oppdatert

Endeleg kunne skulemusikken trå til med stor loppemarknad heilt utan restriksjonar. Den fyrste av helgas to loppisdagar baud på mykje folk, mange lopper og vakkert godver. Det visste folk å sette pris på.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS