DYR I DRIFT: – I år blir nok juleribba dyrare enn vanleg, seier Rønnaug Woxen Thoen. Saman med husbond Jon Midtbø driv ho smågrisproduksjon. Dei har 900 gris med smått og stort, og skyhøge straumrekningar.
Unni Buverud
Nå er det svindyrt for Rønnaug å drive med smågris
– Utan straumstøtta hadde det blitt tungt å drive garden og smågrisproduksjon, seier Rønnaug Woxen Thoen. Saman med husbonden Jon Midtbø, har ho omlag 900 grisar.
Som mange andre bønder merkar ekteparet på Midtbø i Bø den store prisauken på straum, varer og anna. I tillegg til smågrisproduksjon, har dei kring 1000 dekar med korn og frøproduksjon, og dei samarbeider med andre bønder.